Me ynskjer å kalla inn innbyggarane til orienteringsmøte i samband med byggjeprosessen av
nytt oppvekstsenter. Planlagt oppstart for bygginga er januar 2024, og det vil føre med seg at
skulen vert flytta bort i samfunnshuset i Borgund. Samfunnshuset vil såleis ikkje vera
tilgjengeleg for vanleg bruk/utleige.
Gunn Lerøy (kommunedirektør) og Harald Stadheim (einingsleiar teknisk) vil informera om
prosessen så langt, samt opna for spørsmål frå publikum.
Ordførar Audun Mo vil og vere med på møtet.
Stad: Samfunnshuset i Borgund
Tid: torsdag 21.september, klokka 18.00.
Enkel servering.
Vel møtt!