Laurdag 4. november kjem Kai Martin Brekke med band til Postaabneriet Pub & Cafe.
– Eg gler meg stort til å ta publikum med på ei reise inn i mi litterere og musikalske verd, seier Kai Martin Brekke. – Det blir servert eigne dikt som får sin lærdalsdebut denne kvelden, musikk frå cd-en Tid, og fleire nye låtar. Og eg kjem ikkje åleine. Eg har med meg to fantastiske musikarar i Tor Talle (gitar) og Stein Magne Os (bass). Dette skal bli gøy!
Inngang 200,- kr, varighet ca 90min