Vedtekter

Vedtekter

Vedtekter for Borgund Utvikling (BU)

§ 1. Føremål

Borgund Utvikling skal arbeida for å skapa utvikling, tilflytting og trivsel i Borgund.

Borgund Utvikling er partipolitisk uavhengig.

Styret i Borgund Utvikling kan samarbeida med andre foreiningar (lag) eller institusjonar i saker av felles interesse.

Borgund Utvikling skal ta vare på staden(bygda) sine interesser som eit høyrings- og samarbeidsorgan opp mot kommunen og andre offentlege instansar.

§ 2 Borgund Utvikling si avgrensing

Arbeidsområde til Borgund Utvikling er slik:

Frå Seltatunellen til fylkesgrensa Innlandet og Viken.

Styret kan utvida eller redusera verkeområdet.

§ 3 Medlemskap

Alle som bur eller har eigedom innanfor arbeidsområdet til Borgund Utvikling. For å ha stemmerett på årsmøte må medlemmen bu innanfor dette området.

§ 4 Kontingent

Medlemskapet er gratis.

§ 5 Styret

Borgund Utvikling vert leia av eit styre med leiar og fire styremedlemar. Styret er organisasjonen sin øvste myndigheit mellom årsmøta.

Styret skal i samsvar med vedtektene veljast slik:

  1. Leiar vert vald for eitt år på årsmøtet.
  2. Styremedlemane vert valde for to år om gongen på årsmøtet. Kvart år er to styremedlemar på val.
  3. Varamedlemar vert valde for to år om gongen på årsmøtet. Kvart år er eit varamedlem på val.
  4. Styret konstituerer sjølv nestleiar, kasserar og sekretær.
  5. Varamedlemane møter når ordinære medlemar ikkje kan møta på styremøta.

Styret skal:

  1. Setja i verk vedtak frå årsmøtet.
  2. Stå for Borgund Utvikling si daglege leiing og ivareta bygda sine interesser overfor andre instansar.
  3. Forvalta Borgund Utvikling sine eigedelar/eigedom.
  4. Etter behov oppnemna komitear eller personar til å løysa spesielle oppgåver.
  5. Etter beste evne søkja å oppfylla Borgund Utvikling sitt føremål etter gjeldande vedtekter.
  6. Styret stiller med ein representant til valnemnda.

Styret held møte når leiar bestemmer eller eit fleirtal av styremedlemane krev det. Styret er beslutningsdyktig når eit fleirtal av styremedlemane, deriblant leiar eller nestleiar er tilstades. Leiar eller nestleiar (i leiars fråvær) leiar styremøta. Styrebeslutningar krev alminneleg fleirtal. Ved stemmelikheit har møteleiar dobbelstemme.

Styret sine vedtak skal protokollerast og offentleggjerast på www.borgund.info

Styret har disposisjonsrett over Borgund Utvikling sine midlar til alminnelege og administrative føremål og har rett til å tildele beløp til gjennomføring av vedtak på årsmøtet. Alle utbetalingar skal attesterast av leiar eller kasserar før utbetaling. Både leiar og kasserar har fullmakt til å utføre utbetalingar.

Einskildsøknader om økonomisk stønad på over kr. 10 000,- eller om den totale ramma
overstig kr. 15 000,- i løpet av eit år, skal dette handsamast på årsmøte eller ekstraordinært årsmøte. Rekneskap går frå 1.1 – 31.12

§ 6 Årsmøte

Årsmøtet er Borgund Utvikling sin øvste myndigheit. Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av mars månad og skal kunngjerast minst to veker på førehand med oppslag på Borgund Nærbutikk og på www.borgund.info. Innkallinga skal innehalda saker som skal handsamast på årsmøtet.

Saker som medlemane vil ha opp på årsmøtet må vera styret i hende ei (1) veke før årsmøtet.

Berre saker som er nemnde i innkallinga kan det gjerast vedtak i på årsmøtet.

Årsmelding skal lesast opp på møtet og rekneskap gjennomgåast.

Årsmøtet skal:

  1. Godkjenne innkalling og saksliste
  2. Velje ordstyrar og møteskrivar
  3. Velje to til å skrive under årsmøteprotokollen
  4. Godkjenne årsmelding
  5. Godkjenne rekneskap
  6. Budsjett og handlingsplan for komande år
  7. Handsame innkomne saker
  8. Velje styreleiar, styremedlemar og varamedlemar, jf. § 5
  9. Velje to revisorar.
  10. Velje ein person til valnemnda for 1 år, som er leiar i valnemnda. 

Årsmøtet sine vedtak skal avgjerast med alminneleg fleirtal blant dei frammøtte som er stemmeberettiga. jf. § 3. Dersom ein av dei stemmeberettiga krev det, skal avstemminga vere skriftleg.

Årsmøteprotokollen skal offentleggjerast på Borgund Utvikling si heimeside: www.borgund.info

Revisorane rapporterer direkte til årsmøtet. Revisorane skal revidera rekneskapen etter alminnelege revisjonsbestemmelser.

§ 7 Ekstraordinært årsmøte

Det skal haldast ekstraordinært årsmøte når styret finn det nødvendig eller når minst 10 % av innbyggarane kjem med skriftleg krav om det. Innkalling og prosedyre som ved ordinært årsmøte jf. § 6. 

§ 8 Folkemøte

Det skal haldast folkemøte når styret finn det nødvendig, og møtet skal kunngjerast minst 8 dagar på førehand.

§ 9 Oppløysing av Borgund Utvikling

Avgjer om oppløysing av Borgund Utvikling kan berre skje når minst 2/3 av dei frammøtte på folkemøte har godkjent det. Har Borgund Utvikling (laget/organisasjonen) midlar, skal desse nyttast til det beste for bygda (Borgund) sine innbyggarar. 

§ 10 Endring av vedtekter

Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal og må vedtakast på årsmøte. 

//Vedtatt årsmøte 24.03.2023